Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

- Vi vil ikkje bli for store heller, slik at vi veks ut av kjøkenet. Lykkelig som liten, er det ikkje det ein seier? Ann-Elisabeth Lavik Akse (biletet) smiler. Ho er ein av to fast tilsette ved Lavik Kro. I tillegg leiger dei inn ved behov, som no i sommarferien.

Lavik Kro set omsetnadsrekordar kvart år. No vil Ann-Elisabeth starte eige minibakeri.

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. juli 2020

Kvart år sidan oppstarten i 2014 har Lavik Kro auka omsetnaden.

– Heilt sidan vi opna har det vore målet, og det har vi også greidd. Men vi vil ikkje bli for store heller, slik at vi veks ut av kjøkenet. Lykkelig som liten, er det ikkje det ein seier? 
Ann-Elisabeth Lavik Akse smiler.

Ho er både dagleg leiar og hovudaksjonær i Lavik Kro, som held til på Lavik Torg, noko ho har vore sidan dei opna sommaren 2014. Og sidan då har bedrifta, som har to fast tilsette, lykkast i å auke omsetnaden for kvart år.

I 2019 enda den på vel 2,8 millionar kroner, som var rundt 300 000 kroner meir enn året før. Til samanlikning hadde dei ein omsetnad på 1,9 millionar kroner i 2015, som var første heile driftsåret. 



– Vi har også hatt eit lite overskot kvart år, med unntak av eitt, då vi investerte i firmabil til cateringverksemda vår. Elles har det berre vore positive tal, konstaterer Akse.



Og sjølv om ho er nøgd med storleiken bedrifta har no, har ho mange idéer om korleis den kan utviklast vidare. Ein av dei er å starte eige minibakeri. 



– Det er noko eg har hatt lyst til å gjere lenge, men som ikkje har vore kapasitet til. Men no kan det høve godt, ettersom vi nett har tilsett ei med fagbrev som konditor. Ønskjet er difor å prøve det ut no i sommar, både med bakevarer til eige bruk og til sal, seier Akse.



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord