Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

Denne veka var elevar frå Lavik skule tilbake på skipsverftet i Leirvik for å overlevere rapporten sin. F.v. avdelingsleiar elektro Kim André Salbu, HR-leiar Hanne Bruaas, elevane Marie Ester, Lars Strandos, Martha Jean Johnson, ordførar Morten Askvik, rektor Hildegunn Hatlem og lærar Trude Hole.

Har sett på effekten av landstraum

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. mai 2019

Det er ikkje berre lokalmiljøet som tener på at Havyard Ship Technology i Leirvik har gått over til å nytte landstraum på båtar som ligg til kai. Det gjer også bedrifta sjølv.

Det er konklusjonen i rapporten som 8., 9.og 10. klassingar på Lavik skule har laga på oppdrag frå skipsverftet i Leirvik.

Sidan 2014 har nemleg Havyard Ship Technology bytta ut dieselgeneratorar med landstraum i periodane når båtane ligg ved kai. Bedrifta bad difor elevane om å finne ut kva økonomisk gevinst dei har av å nytte landstraum på desse båtane, samt kva miljøeffekt det har. Og i rapporten som nokre av elevane var på verftet og presenterte tysdag denne veka kom det mellom anna fram at verftet vil spare rundt 150 000 kroner på å nytte landstraum for å dekkje energibehovet sitt.

– Då har vi teke utgangspunkt i at båten ligg ved kai i åtte veker, sa Marie Ester, Lars Strandos og Martha Jean Johnson.

Dei la til at dei veit at det å investere i landstraumanlegg er dyrt.

– Likevel synest vi at det er rimeleg til å seie at bedrifta får ein stor økonomisk gevinst av å nytte landstraum, sa elevane, som i arbeidet med rapporten har brukt ulike informantar, frå verftet sine eigne tilsette, til dei som jobbar med klima og miljø i fylkeskommunen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord