Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

F.v Jan Paulen, Richard Naylor, Kevin Skabo, Richard Lockwood, Leo Matlock, Ron Jarman, Rachael Wardell, Simon Carter, David Balfour, Eric Hardy-King, Synnøve-Lil Paulen, Lasse Hoel, Will Bennett og Martin Storesund.

Lasse syklar for borna

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 2. september 2019

Organisasjonen World At Play arrangerte denne helga eit sykkelløp til inntekt for born og unge i Sør- og Aust-Europa. Turen gjekk langs Sognefjorden, frå Leirvik til Skjolden og vidare over Tindevegen frå Turtagrø til Øvre Årdal.¨

Lasse Hoel er hedmarking, men er busett i Ålesund. Han arbeider i Møre og Romsdal Røde Kors og bruker mykje av tida si på å skape gode dagar med leik og mestring for born. Hoel er ein god venn av Mike Emery, som i byrjinga av 2000-talet stifta organisasjonen World At Play. Det er no fjerde året dei arrangerer eit sykkelløp langs Sognefjorden.

–World At Play arbeider for å styrke born og unge gjennom sport og leik, seier Hoel til Ytre Sogn når vi treff han og alle syklistane under ein kort pause i Høyanger.

Lasse Hoel og resten av følgjet tok ein liten stopp i Høyanger før dei held fram til Balestrand.

Les meir om World At Play i papirutgåva tysdag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord