Lågast arbeidsløyse


Med 935 heilt ledige, noko som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. I ytre Sogn har både Høyanger, Balestrand og Solund nedgang.

– Vi er også mellom dei fylka som har størst nedgang i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor. Når vi tek med at tilgangen av ledige stillingar har auka med 38 frå august i fjor, er det ingen tvil om at arbeidsmarknaden i fylket for tida er inne i ei svært positiv utvikling, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

I august var det 935 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er 221 færre enn i same månad i fjor og svarar til ein reduksjon på 19 prosent. Berre Nord-Trøndelag med minus 22 prosent, har større reduksjon.
På landsnivå er arbeidsløysa uendra frå august i fjor. Det er no 84 669 heilt ledige, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrken.

Mange har reduksjon


15 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i august. Størst reduksjon har Vågsøy med 47 færre ledige enn på same tid i fjor og Stryn med 43 færre ledige. 6 kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er Aurland med 0,4 prosent og Solund med 0,5 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i kystkommunane Bremanger (3,9 prosent) og Flora (3,0 prosent).

Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan industri og serviceyrke, som har høvesvis 86 og 39 færre ledige enn i august i fjor. Ingen næringar har ein auke på meir enn 8 personar.

I august var det 72 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 33 færre enn i same månad i fjor. 37 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 25 frå fiskeindustri, mens 17 kjem frå bygg og anlegg.

Færre langtidsledige


Talet på heilt ledige som har vore arbeidssøkjarar i meir enn 26 veker er redusert med 115 personar, tilsvarande 19 prosent frå august i fjor. Det er same reduksjon som dei korttidsledige. Aller størst er reduksjonen blant dei som har vore arbeidssøkjarar i meir enn to år. Her har det blitt 70 færre frå august i fjor, ein reduksjon på 43 prosent.

– Langtidsarbeidssøkjarar utgjer framleis halvparten av dei heilt ledige, men det er svært positivt at denne gruppa no blir redusert, seier Thorsnes.