- Lærevillige born


Fotballskulen i Høyanger er ein stor suksess blant borna.
I dag er siste dagen av fotballskulen i Høyanger for dei mellom 7 og 12 år i Høyanger kommune.

Samarbeid

Fotballskulen er eit samarbeid mellom IL Høyang, Sport'n Høyanger, Per. A. Øren og Nesseplast. Onsdagen var også Sogndal Fotball på plass.
- Det er IL Høyang som tok initiativet til å få til noko, seier Tore Ytredal, leiar i fotballgruppa.

f.v. Tore Ytredal, Rasmus Mo og Terje Teigen. - Fotball er for alle, seier Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

Ja til meir fotballskule

Borna samla seg rundt fotballspelarane frå Sogndal, og jubla over autografar.
- Sjå her! Vi fekk autograf på armen, ropar ein gjeng med fotball ivrige born.
Gjengen var storfornøyde med dagen.
- Det har vore veldig moro, seier Ingrid Nesse.
Ekstra stas var det på slutten då dei fekk autograf.
- Vi fekk autograf, og vi spurte ikkje om det ein gong, smiler Hareth Al- salh.
- Om vi ikkje hadde vore med på fotballskulen, så hadde vi aldri fått autografane, seier Farah Al-salh.
Dei håpar på fleire år med fotballskule.

Dei mest ivrige borna kjente att spelarane med ein gong. Det var Eirik Lereng, Mathias Sundber, Akor Jerome Adams som tok turen denne gong.

Lærevillige og ivrige

Nikolas Trollebø er ein av dei lokale instruktørane.
- Det har vore veldig moro, samtidig som det har vore ganske utfordrande. Det viste seg at borna kan meir enn vi trur, og dei er veldig lærevillige, seier Trollebø.

Her er nokon av dei lokale instruktørane. f.v. Nikolas Trollebø, Kristine Beinnes, Miriam Skår, Knut Øygard og Benjamin Vågen.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!