Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

Det var god stemning då elevane inntok scena i Høyanger samfunnshus onsdag kveld.

…og swinga gjorde det!

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 15. mars 2018

«La det swinge!», song 10.klassingane ved Høyanger skule, og swinge gjorde det verkeleg då elevane tok over scena i samfunnshuset onsdag kveld.

– Eg er så hes i stemma etter å ha sunge med, sjølv om eg ikkje har vore på scena, kunne ein høyre frå publikum etter at elevane i 10.klasse ved Høyanger skule hadde presentert norsk musikk gjennom 200 år.

Av namnet «La det swinge» forventa nok publikum eit yrande liv på scena, noko dei gjorde rett i, og elevane rettferdiggjorde verkeleg valet av namn på showet. Frå Henrik Wergeland til Karpe Diem tok elevane publikum med på ei reise gjennom norsk musikkhistorie med godt innøvde låtar og gjennomtenkte kostymar. For publikum var dette også ein moglegheit til å lære meir om historia bak musikken sidan elevane heile tida fortalde om artistane, musikken og samfunnet.

Les meir og sjå fleire bilete i Ytre Sogn fredag!

Av namnet «La det swinge» forventa nok publikum eit yrande liv på scena.. Og det fekk dei. F.v. Amalie Strandos Måredal, Aurora Norevik Løland og Mia Kimberly Navarro.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord