Kyrkjebø Hundeklubb 30 år


31. mars er det 30 års-jubileum i Kyrkjebø Hundeklubb. Dette vil bli markert med ein betre middag på eit av hotella i Høyanger, seier leiar Annette Vamråk.

Hundane er i gang på signal.

Det var Aud-Liv Nes Eide og Karstein Larsen som tok initiativet og sendte ut eit brev til hundeeigarar på Kyrkjebø 31. mars 1987. 12 personar møtte opp og Kyrkjebø Hundeklubb var i gang. Dei fekk ein aktiv start der dei blant anna leigde inn instruktørar for å halde dressurkurs. Det kom folk frå heile distriktet for å delta. På den tida var det uoffisiell fylkesmeisterskap i lydigheit. Florø var arrangørklubb i 1987 og Kyrkjebø hundeklubb stilte med 4 ekvipasjar.

Mot slutten av året fekk dei låne eit areal av kommunen og der sette dei opp 7 ulike Agility-hinder. Dei inngikk kjøpeavtale med Høyanger S-lag, det vart hundetreff kvar tysdag og mot slutten av året hadde klubben 40 medlemmer.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!