Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mars 2019
Ytre Sogn 25. mars 2019

Taubana til Kyrkjebø-firmaet T. Frivik Taubanedrift vart brukt til å transportere massen mellom 110 og 140-150 meters merka ned til sletta i i hoppbakken i Vikersund. (Foto: Alan Billyeald)

Kyrkjebø-firma var med og sikra verdscuprenn

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 18. desember 2018

– Det er ikkje den type oppdrag vi vanlegvis har, men det var like fullt kjekt å vere med på, seier Torbjørn Frivik, som eig og driv T. Frivik Taubanedrift på Kyrkjebø, til Ytre Sogn.

Bilen til T. Frivik Taubanedrift på plass i verdas største hoppbakke.

Firmaet hans vart henta inn til arbeidet med å få skiflygingsbakken i Vkersund godkjend for nye verdscuprenn. Tidlegare i år sette nemleg Det internasjonale skiforbundet, FIS, foten ned og strauk verdas største hoppbakke frå vinterens terminliste. Årsaka var at bakken sin profilt ikkje tilfredsstilte krava deira.

– Mange hopparar landa altfor tidleg. Difor vart det slått fast at noko måtte gjerast med profilen, slik at bakken var tilpassa alle hopparane, og ikkje kun dei beste, seier Torbjørn Frivik til Ytre Sogn.

Arbeidet i bakken gjekk ut på å senke unnarennet – det vil seie delen frå hoppet og ned – med 60 centimeter

– Taubana vår vart brukt til å transportere massen mellom 110 og 140-150 meter merka i bakken ned til sletta, forklarar han.

Bjørn Espen Hovde, leiaren i Stiftelsen Vikersund Hoppsenter, kan ikkje få fullrost Frivik og firmaet hans for måten dei heiv seg rundt og omrokkerte på maskin og folk for å kunne bistå dei i hoppbakken.

– Utan utstyret og kompetansen deira hadde det blitt vanskeleg, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

– Dette viser jo at taubanene våre kan brukast til meir enn berre å ta ut skog, seier Torbjørn Frivik.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord