Kvar har det vorte av fair play i politikken?   


Kva er det i politiske miljø som gjer at det er greitt å sverte personen bak ei uttale eller meining? spør Aina Drage og Mari-Kristine Morberg, mobbeombod i Vestland, i innlegget sitt 

Du har kanskje opplevd det sjølv, høyrt det på radio eller sett det i sosiale medium og TV: politiske grisetaklingar.  
  
Frå tid til anna opplever vi, både i internasjonal, nasjonal og lokal politikk at einskilde politikarar strekk språkstrikken for langt; kommentarar som kan opplevast som usaklege og med intensjon om å ramme nokon. Kva som ligg i for langt ser det ut til å vere individuelle grenser for. Naturleg nok. For kva er no standarden for akseptabel åtferd i politikken? Finst det noko slikt? Og i kva grad blir det i så fall brukt og etterspurt?  
  
Det melder seg fleire spørsmål.   
  
Kva er det i politiske miljø som gjer at det er greitt å sverte personen bak ei uttale eller meining? Har ein gått tom for saklege motargument? Kan det vere at sterkt ønske om posisjon legitimerer sleivspark?  
 
I politikk er posisjon og alliansar avgjerande for om ein får gjennomslag for sakene sine eller ikkje. Vi veit frå arbeidet vårt med psykososialt miljø at posisjon ofte er eit stikkord. Om nokon ønskjer seg ein sentral plass eller opplever at eigen posisjon vert truga –  kan det bidra til å støyte nokon andre ut, ramme nokon, felle nokon. Slik sett er det nærliggande å tenkje at posisjonering, også i politikken, kan bidra til uttalar som er meint å ramme nokon. Det meiner vi er lite klokt. Kanskje vinn ein fram på kort sikt, kanskje skaffar ein seg til og med ørlite betre posisjon. På lengre sikt er vi redde for at politikk blir prega av ein stadig meir aggressiv kultur – som vi alle har vore med å dyrke fram, og som etter kvart berre består av det knippet av politikarar som til ei kvar tid klarar å stå i det.  
  
Om ingen seier i frå og tek til motmæle når nokon trør over grensa og viser uakseptabel språkbruk, så er ein godt på veg til å setje ny standard. Så enkelt. Stemma di tel, ho påverkar. Det gjer ho òg når ho er stille. 
  
Vi vaksne, både politikarar og andre, er rollemodellar for barn og unge. Vi påverkar miljø som barna våre inngår i – mellom anna ved å vise gode måtar å vere og snakke saman på. Det ligg førebygging av mobbing i å skape politiske miljø som rommar eit mangfald av meiningar, der fleire og fleire deltek i diskusjonar og der ein viser at gode taklingar også er reine. Det ville vore ein god standard å følgje. Det ville òg vore ein standard som står i samsvar med alt førebyggande arbeid som blir gjort i barnehagar og skular over heile landet.  
  
Om vi viser den kulturen vi etterspør og forventar av ungane våre, tilfører vi meining og viser korleis dette heng i hop. 
  
I jobben som mobbeombod treff vi ofte barn og ungdom. Dei seier det så enkelt: Når dommaren på bana ikkje dømmer, men let overtramp passere, ja, då veit vi at det vert stadig skitnare spel utover kampen – og at mange av oss kjem til å ty til skitne triks for å vinne. Vi veit òg at nokon truleg vert skada. Det er det ikkje verdt, då har det gått for langt. Det er viktig at dommaren gjer jobben sin og at vi viser fair play.  
  
Vi er samde med desse elevane. Og vi saknar fair play i politikken – der ein går på ballen, og ikkje på spelaren. Det vil få fleire spelarar på den politiske bana. Garantert!