Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Galleriet skal, som Ytre Sogn tidlegare har fortalt, vere klart for opning den 29. november. (Illustrasjon: Nordplan)

Kulturrådet gir 800 000 kr til galleriet

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. oktober 2018

– Det er heilt fantastisk! seier kultursjef Anita Nordheim i Høyanger etter å ha fått beskjeden om at Kulturrådet gir 800 000 kroner i tilskot til det nye Gunnar-galleriet i Byporten.

– Vi ønskjer å lage eit galleri med utstillingar av høg kvalitet, om vil løfte opp Gunnar S. Gundersen og kunsten hans, galleriet og Høyanger både nasjonalt og internasjonalt. Det vil tilskotet frå Kulturrådet vere med og bidra til. Så vi er kjempeglade for at prosjektet vårt nådde opp då midlane skulle fordelast, seier kultursjef i Høyanger kommune, Anita Nordheim, til Ytre Sogn.

Det var i førre veke Kulturrådet fordelte midlane dei hadde til rådevelde, gjennom støtteordninga Rom for kunst, som er for kunstarenaer og kulturbygg. Dei kan gå til både nybygg, ombygging, oppgradering og tilpassing av eksisterende bygg.

Det kom inn i alt 40 søknader frå heile landet, med ein samla søknadssum på om lag 25,4 millionar kroner. Rådet fordelte i alt 12 millionar kroner på 21 søkjarar, og blant dei var altså Høyanger kommune og galleriet i Byporten.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

– Vi ønskjer å lage eit galleri med utstillingar av høg kvalitet, og det vil tilskotet frå Kulturrådet vere med og bidra til, seier kultursjef Anita Nordheim i Høyanger kommune,
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord