Kulturprofilar vil ha Sogn og Fjordane tilbake


- Eg er sikker på at ved ei folkerøysting så hadde over 80 prosent i Sogn og Fjordane røysta mot fylkessamanslåinga, seier Kjellfrid Bøthun i aksjonsgruppa Ja til Sogn og Fjordane.

Ho er leiar for gruppa som no engasjerer seg mot Vestland fylke og for gjenoppretting av Sogn og Fjordane fylke. Med seg i styret har ho Rolf Losnegård frå Askvoll, Torkjell Djupedal frå Førde, Torkild Sandsund frå Fjaler, Einar Rysjedal frå Høyanger, Steinar Ness frå Sunnfjord og Sander Solheim frå Kinn. Sjølv held Bøthun til i Solund. 



109 profilar


Dei står bak eit opprop som no er sendt ut, og som tek til orde for å reversere fylkessamanslåinga, og som over 100 kulturprofílar i fylket no har underteikna.


- Folk trur gjerne at det er for seint å gjere noko med dette. Men det er klart at det ikkje er. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har sagt at dei vil løyse opp storfylka der folk sjølv ønskjer det. Så dersom Troms-Finnmark og Viken vert oppløyste av eit nytt stortingsfleirtal, må vi hive oss på.der, seier Bøthun til Ytre Sogn.


Ho viser til at folk i Sogn og Fjordane heller aldri vart spurde kva dei meinte om fylkessamanslåinga.


- Samanslåinga vart gjennomført på udemokratisk vis, der folkemeininga vart sett heilt til side.



Stort fleirtal


- Eg er sikker på at ved ei folkerøysting, så hadde over 80 prosent i Sogn og Fjordane røysta mot fylkessamanslåinga, seier Bøthun og peikar på at befolkninga i Sogn og Fjordane utgjer 17 prosent av den i Vestland fylke.


- Klart at då vil vi alltid kome på sisteplass når det skal gjerast vedtak, anten det gjeld vegmidlar, arbeidsplassar, skulestruktur eller anna. Difor kjem også vi no, fram mot stortingsvalet neste år, til å jobbe for at landet får ny regjeringa, og oppmodar folk til å røyste på dei partia som ønskjer å reversere fylkessamanslåingar, seier Bøthun.


- Ja, det vil koste år gjere det. Men eg er redd det vil koste oss endå meir å bli verande i Vestland, legg ho til.

Dei som har skrive under oppropet er:

Jørgen Alisøy
Rolf Magne Andersen
Erlend Apneseth
Oddleiv Apneseth
Kjell Askeland
Tove Bakke
Marit Bendz
Kjell-Ragnar Berge
Unni Berge
Dagfred Berstad
Åsmund Berthelsen
Bjørg F. Bjøberg
Einar Bolstad
Jens Brekke
Kjellfrid Bøthun
Torkjell Djupedal
Tom Dybwad
Ove Eide
Sigmund Eikås
Harald Eriksen
Torodd Fagerheim
Ove Farsund
Bård Fløde
Sverre Folkestad
Gunnar Garfors
Sigrid Gjelsvik
Sandra Gjersvoll
Elin Pehrson Grytting
Kristen Olav Grøttebø
Magne Grøttebø
Hans Christian Hansen
Ingrid Hansen
Jostein Hansen
Magne Hamre
Kjartan Hatløy
Heidi Hattestein
Jens Hauge
Jan A. Haugen
Ingrid Hellwege Haveland
Edvin Helgheim
Siri Helle
Geir Hjetland
Vilde Jensen Hjetland
Oddmund Løkensgard Hoel
Marianne Hoff
Alf Tore Hommedal
Ragnar Hove
Ragnar Hovland
Jan Ludvik Hundvebakke
Håkon Høgemo
Eli Grete Høyvik
André Haave
Bjørn Jensen
Magni Jensen
Karl Egil Johansen
Helge Jordal
Jan H. Landro
Miriam Prestøy Lie
Finn Loftesnes
Sylfest Lomheim
Einar Losnegård
Gaute Losnegård
Idun Losnegård
Kåre Losnegård
Ove Losnegård
Rolf Losnegård
Viljar Losnegård
Oddveig Lyngstad
Stein Malkenes
Karen Helga Maurstig
Roar Moe
Arnstein Mygland
Yngve Nedrebø
Wenche Nerdal
Dag H. Nestegard
Hanne B. Oftedal
Lidvin M. Osland
Øystein Rakkenes
Hans Jakob Reite
Margrete Reiseter
Henning Rivedal
Hans Sande
Torkil Sandsund
Karl Seglem
Kari Laila Skrede
Erik Solheim
Hans H. Steinsund
Trond Sundby
Sigyn Melvær Sunde
Karin Flatøy Svarstad
Arne Søholt
Tone Søholt
Arne Sølvberg
Jawana Thayaseelan
Ketil Norevik Thorbjørnsen
Jan Anders Timberlid
Paul O. Tomasgard
Oddvar Torsheim
Helga Tvinnereim
Jon Tvinnereim
Asbjørn Tyssen
Fridtjov Urdal
Magne Vangsnes
Hallvard Viken
Ottar Wiik
Astrid Wittersø
Arild Wåge
Carlo Aall
Arne Aasland