Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mars 2019
Ytre Sogn 25. mars 2019

Kulturprisen vart delt ut på kommunen sin julemiddag på Høyanger Hotel torsdag ettermiddag. Ordførar Petter Sortland (f.v.) delte ut prisen til Kjetil Torvund og Geir Ytredal frå idrettslaget. (Foto: Anne Lene Hansen)

Kulturprisen til Lavik Idrettslag

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. desember 2018

Høyanger kommune sin kulturpris for 2018 er tildelt Lavik IL.

Idrettslaget har gjennom i mange år gjort ein stor innsats for å gje innbyggjarane i bygdene rundt eit godt aktivitetstilbod. Med i overkant av 200 medlemer står Lavik IL i dag fram som den største kulturorganisasjonen i ytre delar av kommunen.

– Heilt frå starten av har laget aktivisert barn og unge, og utvikla positive møtestader for læring, meistring og utvikling. Nemnast kan idrettsanlegget på Alværa med klubbhus og friidrettsanlegg, oppbygging av nytt nærmiljøanlegg ved skulen, trivselskjellaren i sentrum, lysløype og no fleirbrukshus. Fire brakker på totalt 115 kvadratmeter er kjøpt inn og vert no innreia til oppbevaringsbod, kiosk, toalett og opphaldsrom som barn og unge i bygda også kan bruke, uavhengig av om ein er med i idretten eller ikkje, heiter det i grunngjevinga for tildelinga.

Prisen er eit diplom og ei pengegåve på 10 000 kroner.

Over 70 år

– Lavik IL er ein stor kulturberar som gjev eit godt idretts- og mosjonstilbod til barn, ungdom og vaksne. Laget har i dag tilbod innan barne- og ungdomsidrett med ulike leikprega aktivitetar som karuselløp, lommelyktturar, friidrett og turorientering for å nemne noko. Dei driv også aktivitetar som fotball, ski, fjelltrim og tilbod i trivselskjellaren som dei har investert mykje trimutstyr i.

I 2004 vart Torvund IL og Lavikdal IL slått saman og fekk namnet Lavik Idrettslag. Skipingsdatoen vart sett til 24.11, datoen i 1945 då Lavikdal IL vart skipa. Ei samanslåing av laga hadde då vore drøfta i 24 år.

– Det er vanskeleg å måle verdien av det arbeidet idrettslaget gjer i lokalsamfunnet, både av kulturell, sosial og førebyggjande karakter, men det er ikkje tvil om at laget, gjennom felles innsats i over 70 år, har fått ein stor og sentral plass i kulturbildet i kommunen.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord