Kulde stoppar tunnelarbeid


Minusgrader gjer at kveld- og nattarbeidet i Kvernhaugtunnelen på Fv 55 er utsett på ubestemt tid.

Det skulle etter planen ha starta opp måndag 6. februar og pågått tre veker framover, til 24. februar.

-Vi kan ikkje nytte sprøytebetong når det er minusgrader. Difor er arbeidet no utsett til vi får i alle fall 3-4-5 plussgrader. Slik vêrprognosane no ser ut, kjem det nok ikkje i gang verken denne eller neste veke, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Sveinung Hovland, til Ytre Sogn.

Arbeidet i tunnelen på Fv 55 i Høyanger ville ha medført stengingar i lange periodar kveld og natt, medan det var lagt opp til fri ferdsel på dagtid.

-No blir det tilbake til arbeid på dagtid, slik det har vore til no. Det inneber stengingar på opptil ein halvtime, som tidlegare. seier Hovland.