Kristin er ny leiar i Høyanger Ap


Kristin Sagerøy Råsberg vart på årsmøtet i helga valt til ny leiar i Høyanger Arbeidarparti.

Ho tek over etter Solveig Løvik Norevik, som har vore leiar dei siste seks åra.

– No er eg inne i min tredje periode i kommunestyret for Høyanger Ap, og som gruppeleiar har eg møtt på styremøter. Så det er noko som har vakse på seg, seier Kristin Sagerøy Råsberg til Ytre Sogn.

– Etter at Solveig gav beskjed om at ho ikkje tok attval som leiar, vart det ein diskusjon i partiet om kven som skulle overta. Og då eg vart spurt om eg kunne tenkje meg å gjere det, svara eg ja. Det er jo spennande også, seier ho.

Og på årsmøtet på Øren Hotel i Høyanger fredag kveld vart ho vald.

– Eg set pris på å ha fått den tilliten. Så no er det opp til meg å vise meg at den verdig, og gjere ein best mogleg jobb for partiet. Og så har eg fått med meg eit godt styre, seier ho.

Med seg der får ho: nestleiar/dataansvarleg Geir Tufte, kasserar Henrik Oppen, sekretær Hanne H. Ørnehaug, kvinnekontakt Monica Oppedal, styremedlemmene Kjartan Longva, Norodd Baug og Kristine Ølmheim (AUF) og studieleiar/medlmesansvarleg Frode Merkesvik. Varamedlemmer er Tage Grønvold, Torill Bjørkum, Atle Heggø og Hege Rusti.