Krev at statsråden grip inn


– Vi ber om at våre demokratisk fatta vedtak blir respekterte, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger. Han og ordførarane i Gaular, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Masfjorden krev no at statsråden umiddelbart grip inn og stoppar all vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i områda deira.

Alle seks kommunane har gitt uttalar til ”Nasjonal ramme for vindkraft på land”, og der blir det slått fast at ingen av dei ønskjer vindkraft i områda sine. «Likevel erfarer vi at utbyggjarane held fram med sine posisjoneringar, og arbeid med å etablere vindkraftprosjekt innanfor våre kommunegrenser», heiter det i brevet som ordførarane i Høyanger, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Masfjorden no har sendt olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, peikar på at kommunen hans og nabokommunen Gaular nyleg også har fått informasjon om at eine utbyggjaren har sendt melding til Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) om planar om vindkraftverk i området dei kallar «Høyangerfjella».

– I tillegg har utbyggjar søkt om ulike dispensasjonar frå gjeldande lovverk, noko vi har avslått, seier Sortland, og viser blant anna til søknaden dei nyleg handsama i Planutvalet i kommunen, om å få setje opp ein vindmålar for å kartleggje vindtilhøva i området.

Difor krev no han og ordførarane i dei fem andre kommunane at statsråden umiddelbart grip inn og stoppar all vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i områda deira. «Vi ber om at våre demokratisk fatta vedtak blir respekterte og lagt til grunn for vidare forvaltning av vindkraftsaker i områda våre", står det vidare å lese i brevet til statsråden.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!