Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. juli 2018
Ytre Sogn 20. juli 2018

– Den viktigaste grunnen til at vi gjorde det så bra i 2017 er den store byggjeaktiviteten som har vore – og framleis er – på Høyanger sørside, seier Atle Bjordal, dagleg leiar for A og J Bjordal AS, til Ytre Sogn.

Kraftutbygginga gav solid inntektsauke

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. april 2018

Maskinentreprenøren A og J Bjordal AS hadde 9,3 millionar kroner i inntekter i 2017, som er ein auke på vel 3,2 millionar kroner i høve til året før. Det har ikkje minst kraftutbygginga som er i gang på Høyanger sørside bidrege til.

– Den viktigaste grunnen til at vi gjorde det så bra i 2017 er den store byggjeaktiviteten som har vore – og framleis er – på Høyanger sørside, seier Atle Bjordal, dagleg leiar for A og J Bjordal AS, til Ytre Sogn.

Han trekk ikkje minst fram bygginga av Østerbø kraftverk, som er eit stort prosjekt.

– På ein så liten plass som sørsida er det klart at det gir ringverknader. Det ser vi blant anna ved at det har genert arbeid til fleire av dei lokale bedriftene, blant anna oss, seier han.

Sjølv har dei måtte doble arbeidsstokken frå tre til seks, på grunn av oppdrag for Skanska, som er hovudentreprenør.

Ifølgje Bjordal starta dei som underleverandør for vel eit år sidan, og reknar med å vere med fram til kraftverket står ferdig hausten 2020.

– Prosjektet består av mykje tunneldriving, og vi er med på opplasting av stein inn tunnel og utkøyring, seier han.

Til det har bedrifta også investert i ny hjullastar, som betyr at maskinparken deira no består fem gravemaskiner, to hjullastarar, to dumparar og to lastebilar.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord