Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. september 2017
Ytre Sogn 22. september 2017

Som fleire andre bedrifter i olje- og gassindustrien i Norge var også SafeClean i Høyanger (biletet) gjennom ein turbulent periode då krisa traff Norge for fullt. Men det ser no ut til å ha snudd.

Resultatforbetring på 10 millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 27. juni 2017

I løpet av eit år har SafeClean snudd resultatet frå 8,5 millionar kroner i underskot i 2015 til 1,8 millionar kroner i overskot i 2016.

–Det er ei kraftig forbetring, ja, og ei av dei viktigaste årsakene til det er store justeringar når det gjeld talet på tilsette. Det skjedde på slutten av 2015, og fekk såleis effekt i 2016, seier dagleg leiar Kjetil Hansen i SafeClean til Ytre Sogn.

Han trekk gså fram beslutningen dei tok om å satse meir på landbasert industri, og då spesielt mot prosessindustrien. Tidlegare har dei utgjort minimalt av verksemda til SafeClean, sidan mykje har føregått til havs, på ulike olje- og gassinstallasjonar.

–No opplever vi ein vekst også der. Blant anna hadde vi i 2016 ein ganske omfattande jobb for Hydro i Grenland.

Les meir i tysdagsavisa vår!

-Det er ei kraftig forbetring, ja, seier dagleg leiar hos SafeClean, Kjetil Hansen.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord