Korpssamarbeid mellom tre bygder


Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim sitt samarbeidsprosjekt innan skulemusikken førte 30 musikkglade born saman denne helga.

Planen med å føre dei tre korpsa saman er at unge medlemmer skal få gjere noko saman, oppleve seg sjølve som ein del av eit større miljø og treffe likesinna i korpssamanheng. Leiarane i korpsa vil gje dei ei gode musikalske opplevingar av å få til noko bra i lag.

Ytre Sogn møtte Heidi Beinnes frå Vadheim skulemusikk, Øygunn Mjellelid Gunnarskog frå Høyanger skulemusikk og Lise Berge frå Kyrkjebø skule og ungdomskorps i ein kort matpause i aulaen på Høyanger skule laurdag ettermiddag,

–Vi er så få når vi sit på øving kvar for oss. Vi hadde lyst til å få til eit større samarbeid og at ungane skal få oppleve korleis det er å spele i eit større korps der dei også får spele saman med jamgamle. For vi har eit sprik i alderen når det går frå 7-8 til 18 år. På denne måten kan ein blir kjent med fleire og treffe andre med same interesser, seier Gunnarskog.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Heidi Beinnes (f.v.) frå Vadheim skulemusikk, Øygunn Mjellelid Gunnarskog frå Høyanger skulemusikk og Lise Berge frå Kyrkjebø skule og ungdomskorps.