Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Dei 17 korpsmusikantane frå Lavik troppa fredag opp på rådhuset i Høyanger for å takke ordførar Petter Sortland for koronamidlane dei nyleg fekk.

Korpset ville gjerne takke ordføraren personleg

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. november 2020

Lavik skulemusikk fekk nyleg 60 000 kroner i kornastøtte frå Høyanger kommune. Det ville dei gjerne takke ordføraren personleg for.

Difor troppa like godt korpset opp på rådhuset i Høyanger fredag morgon for å gjere nettopp det. 


– Vi hadde lyst til å møte ordføraren sidan vi har fått pengar av han, slik at vi kan fortsetje å spele i korps, seier Ida-Emilie Førde Systad (11), ein av dei i alt 17 musikantane som hadde teke turen til Høyanger, til Ytre Sogn.



– Og så far vi jo litt reklame også, legg ho til.



Fordelte 400 000


Lavik skulemusikk fekk 60 000 kroner av potten på 400 000 kroner som Høyanger kommune og Utval for kultur nyleg fordelte blant lag og organisasjonar som har mista inntekter under koronapandemien, som følgje av begrensa aktivitet.



Tarjei Ringereide, som kom til rådhuset i lag med musikantane, fortel til Ytre Sogn at dette er kjærkomne pengar, i ei tid der mesteparten av dei faste inntektene deira har uteblitt. 



– Samtidig løper jo dei faste utgiftene våre, til dirigent, uniformar, instrument og anna. Så dette betyr mykje for oss. Difor var det også vi bestemte oss for å møte opp her, og rette ei stor takk til kommunen, ved ordføraren, seier han


.

Viktige inntekter

– Vi veit det er mange lag og organisasjonar som har hatt utfordringar på grunn av pandemien, ved at det ikkje har kunne ha dei vanlege arrangementa som gir inntekter. Difor var det også vi bestemte oss for å gje desse midlane, blant anna til Lavik skulemusikk. Vi vil jo at de skal kunne halde fram med å spele i korps, sa ordførar Petter Sortland, henvendt til korpsmusikantane. 



– Samtidig vil eg takke dykk tilbake for det de gjer, nemleg å skape trivsel, la han til, før Ringereide overrekte han to store twistposar, som han lova å dele med dei andre på rådhuset.



Han røpte dessutan at han, som mange andre, hadde sine favorittbitar.



– Men kokossjooladen blir alltid liggjande igjen, sa han, til latter frå musikantane.

Ordførar Petter Sortland saman med 17 av medlemmene i Lavik skulemusikk.
Tilsaman tel dei 22 medlemmer, men ikkje alle hadde høva til å vere med.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord