Konstituert som rektor ved Høyanger skule


Etter fleire år som lærar og avdelingsleiar trer Gro Nes Hommedal inn i rolla som konstituert rektor ved Høyanger skule. Ho tek over etter Morten Rørvik, som fråtredde stillinga tidlegare i vår. Hommedal kvir seg ikkje for oppgåva som ventar henne.

– I dag jobbar eg som ein av tre avdelingsleiarar ved skulen, noko eg har gjort i tre år. Som avdelingsleiar for klassetrinna 8.-10. jobbar eg opp mot elevar, det faglege som har med ungdomskulen å gjere, samt personalet på ungdomstrinnet med til saman 19 pedagogar. Eg trivst veldig godt her på skulen, og ser fram til å byrje som konstituert rektor frå 1. august.

Meir om saka i tysdagens avis!