Kommunen vurderer å kjøpe rutebilstasjonen i Høyanger


Rådmann Kjellaug Brekkhus tilrår at kommunestyret godkjenner kjøp av rutebulstasjonen, Wilh. Bugges veg 1, i Høyanger for 1 675 000 kroner.

I samband med planar om å få etablert eit offentleg toalett i Høyanger sentrum, var representantar for kommunen på synfaring på rutebilstasjonen fordi det kunne vere ein aktuell stad å etablere det.

Under synfaringa kom det fram at eigarane kunne vere villige til å selje eigedomen. Den består av eit bygg på 210 kvadratmeter som inneheld venterom, kontor, lager og kafé. 
Bygget vart i 2010 taksert til 1.500.000 kroner. 
- Tomta er på 2 172 kvadratmeter, og den ligg strategisk til mellom Høyanger kommune sin parkeringsplass for skulen og parkanlegget i vest. 
Høyanger kommune har fått tilbod om å kjøpe eigedomen for 1.675.000 kroner. Denne prisen har administrasjonen godteke, med atterhald om kommunestyret si godkjenning i møte 18. juni. På sikt må det påreknast vedlikehaldsinvesteringar i bygget.

To leigeavtalar

- Det er i dag fire toalett i rutebilstasjonen, og det i venterommet bør kunne rustast opp til eit offentleg toalett. Vi bør her gå i forhandlingar med Vestland fylkeskommune, som også har ansvar for toalettfasilitetar for dei reisande. Elles er det toalett både i den delen som Firda Billag leiger, samt i kaféen.


Ifølgje rådmannen er det to leigeavtalar som Høyanger kommune no vil overta. Inntektene er per 2020 på 153.000 kroner i året. Dessutan er det lagerlokale som Høyanger kommune kan nytte sjølv.

- Dette forsvarer ei investering som vi no ønskjer, meiner Brekkhus.


Formannskapet kjem med tilrådinga si i møte tysdag denne veka, medan kommunestyret gjer vedtak i møte neste veke.