Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

-For å hjelpe dei som ikkje sjølve kan gå på butikken og handle har vi no inngått avtale med matvarebutikkane i kommunen om utkøyring av varer, Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse, i Høyanger.

Kommunen organiserer utkøyring av matvarer


Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 24. mars 2020

Mange sit i karantene som følgje av koronaviruset, og kjem seg difor ikkje ut for å handle mat. Det ønskjer Høyanger kommune å hjelpe dei med.

No har dei inngått avtale med matbutikkane i kommunen om utkøyring av varer.

-For å hjelpe dei som ikkje sjølv kan gå på butikken og handle, har Høyanger kommune no inngått ein avtale med matvarebutikkane i kommunen om å hjelpe til med dette. Dersom ein treng heimkøyring av varer så tek ein først kontakt med butikken som hjelper med varebestilling og pakking mellom klokka 9 og 13. Deretter tek ein kontakt med meg på telefon 95 92 24 34 før klokka14, slik at vi får køyrt varene heim til vedkomande same dag, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.



Ho fortel at dei har omdisponert ein del eigne folk som vil vere tilgjengeleg for å køyre ut matvarer til folk i heile kommunen. Tilbodet vil vare så lenge det er behov.

Stor pågang

Hos Extra Høyanger har pågangen vore stor etter at tilbodet kom i gang sist veke.



-Vi får inn mange telefonar dagleg, og har sidan tilbodet starta oppretta rundt 40 handlekontoar til alle dei som treng hjelp med heimkøyring av mat. Det at Høyanger er ein såpass liten plass der ein kjenner dei fleste gjer at det er mogeleg å ha ei slik løysing, seier butikksjef Elisabeth Eide til Ytre Sogn.



Ho fortel at det er veldig kjekt å kunne vere med og bidra til noko det har vist seg å vere eit stort behov for, og er stolt av medarbeidarane sine som står på for å få dette til.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord