Knut Henning får delta på historisk markering


Knut Henning Litsheim frå Kyrkjebø er ein av i alt ti innbyggjarar i Vestland som får vere med på den historiske markeringa i Håkonshallen i Bergen i neste veke.

Tysdag 15. oktober vert nemleg Vestland fylkesting konstituert, og om kvelden er det lagt opp til ei høgtideleg markering av det heile, inne på Bergenhus festning.

- Det var kona som las i Ytre Sogn at det var sett av ti plassar til «ålmenta» i markeringa i Håkonshallen. Ho meinte at det burde vere noko for meg, sidan eg både har jobba i fylkeskommunen og vore offiser på Bergenhus festning i fleire år, og er såleis godt kjend med Håkonshallen. Så eg følgde oppmodinga hennar, og meldte ifrå at eg var interessert. Og for ikkje lenge sidan fekk eg den hyggjelege beskjeden om at eg er blant dei som får vere med. Og det kunne eg ikkje anna enn å seie ja til, seier Knut Henning Litsheim til Ytre Sogn.

- Det er jo ei historisk hending, uavhengig av kva ein tykkjer om fylkessamanslåinga, legg han til.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!