Klart for offisiell opning av Synkenhytta


Søndag 2.juni er det klart for den store dagsturhyttedagen, med offisiell opning av ikkje mindre enn sju hytter i Sogn og Fjordane. Ei av dei ligg oppe på Høyangerfjellet og har fått namnet Synkenhytta.

 

Dei seks andre hyttene i fylket som og vert opna denne dagen ligg i Flora, Gaular, Naustdal, Jølster, Askvoll og Selje. Hytta på fjelelt i Høyanger har vore i bruk sidan desember i fjor, men det er først no den vert offisielt opna.
– I tillegg til talar og helsingar frå både ordføraren og samarbeidspartnarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane Fylkeskommune blir det ulike aktivitetar både før og etter opninga, seier kommunalsjef for kultur og folkehelse, Anita Nordheim, og nemner blant anna rebusløp og lesestund.
– Det blir også musikalsk innslag ved songar Annika Beinnes frå Vadheim.

Ulike aktivitetar

Både Nordheim, ordførar Petter Sortland og kulturmedarbeidar Maria Brendehaug Petersen ser fram til ei fin markering oppe på Høyangerfjellet førstkommande søndag.
– Med tanke på vêr og vind og at ein er midt oppe på fjellet vil vi ha lydanlegg på plass slik at både vakker song og talar skal høyrast godt. I tillegg til det som skal skje frå podiet ved hytta vil Sport`n Høyanger ha stand med ulike sportsartiklar, medan elevar frå 2STA ved Høyanger vidaregåande vil ha Lavvocamp der folk kan kome inn å sjå, seier Nordheim.
Dette er lavvoar som Høyanger kommune har i utstyrspakken sin, som alle kan låne.
– Frå denne pakka har vi også med to kanoar og redningsvestar for dei som har lyst til å ta ein liten padletur ute på vatnet. Dette er kanoar som vil vere tilgjengelege om sommaren for dei som besøker hytta, og vi reknar med at folk sett pris på dette, og behandlar både hytta og utsyret pent, noko all erfaring viser at dei gjer, fortel Nordheim.

Ferdig i desember

Sidan Synkenhytta stod ferdig desember 2018 har mange besøkande vore innom, og når ein les i hytteboka er det ikkje tvil om at dette er eit tilbod folk set pris, noko også dei tre kan stadfeste. Dei fortel om mange positive tilbakemeldingar.
– Ei hytte på fjellet som er tilgjengeleg for alle, som ligg flott plassert i enden av Bergsvantet, og som eignar seg for mange aktivitetar både inne og ute, fortel dei.
Etter opninga blir det arrangert fellestur til Eidesteinkvida i regi av Barnas Turlag Kykrjebø. Den tek om lag 1,5 time tur/retur.
– Vi oppmodar alle til kome og vere med på opninga av «Synkehytta» no på søndag, og ta med seg matpakka i sekken og gjer det til ein heildag på fjellet, seier Sortland, Nordheim og Petersen

FAKTA: * Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

* Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.