Klart for årets Vaimamarknad


For sjuande gong er det klart for Vaimamarknaden, som i år også vil bli krydra med musikalske innslag i samband med feiringa av Songen og musikkens dag.

Laurdag 15.juni er det klart for årets Vaimamarknad, der ein med vakker fjord og fjell som bakteppe kan oppleve musikalske perler, gode bygdehistoriar og salsboder tett i tett. I samband med årets marknad blir det i år også feiring av songen og musikkens dag som vil vere med å krydre dagen med musikalske innslag frå korps, kor og songarar i fleire sjangrar. Det siste er i samararbeid med Høyanger kulturskule.

– Det heile startar laurdag føremiddag med ein storslagen musikkparade som går frå marknadsplassen i sentrum til Kråkevika og tilbake, og då kan ein som publikum anten stå ved vegen og sjå på, eller ein kan vere med og marsjere bak deltakarane i paraden i takt til latinske rytmar, seier Heidi Marie Skaar Beinnes, Thea Ljotebø, Ove Gunnar Systad, Agnethe Smelvær og Jorun Systad.

På marknaden vil det vere mange spennande salsboder, i tillegg til mykje god mat og drikke og ei ekte «Vaimablanding» i kafeen.

– Men kva det siste er må ein sjølv finne ut av ved å ta turen innom, seier dei.
Og dersom ein har lyst til å vere med på ein «rask» tur ut på fjorden, ligg RIB-båten klar ved kai.

Bygdevandring

I tillegg til den lokale trubaduren Arthur Hovland med sine viser om lokale, heltar vil det bli konsertar med alle dei sju korpsa i Høyanger kommune; Vadheim skulemusikk, Vadheim musikklag, Fjordbrass Lavik, Lavik skulemusikk, Høyanger skulemusikk og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps.

– Frå scena vil ein og få oppleve dansarar frå Dans utan grenser -DUG Høyanger, korsong frå KUL-koret til Kyrkjebø ungdomslag og songtalenta Nathaile Rolland (15) og Amalia Burn (15) frå Vadheim.

Sopranen Annika Beinnes som og er frå Vadheim vil denne ettermiddagen halde minikonsert der ho akkompagnert av pianist og organist Erlend Os frå Nordfjordeid, med arier av Puccini, romansar av Grieg og lieder av Schubert på repertoaret.

Nytt i år er ei historisk vandring i Vadheim, ei bygd med lang historie som trafikknutepunkt, både sjøvegen og langs fjorden, og med gamle bygningar som husar mange historiar. Vandringa er det Jorun Systad i marknadskomitéen som står for.

Gryande stjerner

Laurdag kveld er det så klart for ungdomsarrangementet «The happening» som er ein gratiskonsert med sju unge, gryande stjerner på scena; Jasmin Jørgensen (17) frå Florø, Lea Lund (17), Thea Gunnarskog (17) og Daniil Trifonov frå Høyanger og Annika Beinnes (19), Amalia Burn (15) og Alex Burn (17) frå Vadheim. Saman med det godt etablerte lærarbandet ved Høyanger vidaregåande skule, som består av Ståle Walsvik (keyboard), Sten Hansen (bass), Vidar Nygaard (gitar) og Rune Ølmheim (trommer).

– Dei vil framføre flotte coverversjonar av artistar som Amy Winehouse og David Bowie, i tillegg til musikk dei har laga sjølve, seier dei fem i komitéen.

Tradisjonen tru og vil årets Vaimamarknad bli avslutta med dans ut i dei seine nattetimar for dei over 18 år, i år med bergensbandet Splint.