Klar for ny sesong med pubquiz


– Nokre meiner at spørsmåla er for vanskelege, andre for lette. Men slik vil det alltid vere, seier Rune Ølmheim, klar for sin femte sesong som quizmaster på Fia Pub i Høyanger.

Fredag den 31. januar er det første av i alt sju rundar fram til sommaren, og han håpar på minst like godt oppmøte denne sesongen, som dei føregåande.

– På det meste har vi vore oppe i 14 lag, det vil seie rundt 80 personar. Då er det trongt om plassen her. Men i snitt ligg det på rundt 50, så vi har plass til endå nokre lag, seier Rune Ølmheim.

I alle aldrar


Han byrja som quizmaster for to år sidan.

– Det har vore quiz her på hotellet i mange år, men gjerne meir sporadisk. Eg brukte sjølv å ta turen innom når eg var heime på ferie, medan eg framleis budde i Oslo. Det er jo veldig sosialt også, og eit fint høve til å treffe andre. Så etter at eg flytta tilbake spurde eg Siw (Høyvik Øren red.mrk) om det var noko dei hadde tenkt å fortsetje med. Ho visste ikkje sidan dei ikkje hadde fast quizmaster, og då tilbaud eg å ta det på meg slik at det vart kontinuitet i det. Quiz gjer jo også at folk som kanskje elles ikkje er ute på ein fredagskveld gjer det, seier Ølmheim, men legg til at det ikkje berre er godt vaksne som møter.

- Nei, her kjem folk frå 18 til over 70 år. Aldersspennet er stort. Både arbeidskollegaer, vennegjengar og familiemedlemmer utgjer laga. For nokre er det sosiale viktigast, for andre konkurransen, seier han.

Det er Øren Hotel som organiserer det heile.

- Eg kjem i grunn til duk og dekka bord. Det einaste eg gjer er å førebu spørsmåla. Men det tek jo litt tid, det også.

Får kjeft og


Spørsmåla er henta frå ulike kategoriar, som sport, kultur, politikk, musikk og historie. Nokre kan vere lokale, andre nasjonale eller internasjonal.

– Og så har vi noko som heiter Tidsbonanza, med spørsmål om hendingar frå eit bestemt år. I tillegg til ei lita påskjøning til laget som vinn kvar enkelt runde, er det også serie. Det vil seie at om ein er med på alle sju quiz’áne i løpet av ein sesong, kan ein stryke den dårlegaste.

– Einaste kravet er at minst éin av dei må ha vore med på alle sju rundane. Dei tre beste laga får premie, ofte gåvekort hos lokale bedrifter, seier Ølmheim.

Deltakarane er ikkje berre frå Høyanger, men også kringliggjande bygder, som Kyrkjebø, Vadheim og Nessane.

– Vi har fire-fem lag som alltid er med, og som knivar seg imellom. Så nokre gonger er det kjeft fordi spørsmåla er for vanskelege, andre gonger for lette.Men slik vil det alltid vere. Så det får ein tole. Dei kjem jo att kvar gong likevel, så noko må vi gjere rett, seier han.