Klar for ny internasjonal kunstutstilling


Kunstnar Jytte Kristin Eikenes frå Høyanger held fram med å vekke internasjonal merksemd med sine fargerike kreasjonar. No blir kunsten hennar å sjå også i Italia

Fabriano in Acquarello er ein åtte år gamal akvarellfestival i byen Fabriano midt i Italia, ein by med rikhaldig historie rundt kunst og papirproduksjon. Årets festival vil stille ut 1000 ulike måleri frå 65 ulike land, og eit av dei er akvarellen «Force» av Jytte Kristin Eikenes.

– Eg representerer Norden og er ein av to kunstarar frå Norge som er med. Bakgrunnen er ei henvendig eg fekk tidleg i haust der eg vart invitert av dei ansvarlege for det nordiske bidraget til å delta i konkurransen.

Eikenes skal ikkje sjølv vere tilstades under festivalen, men fortel at merksemda denne typen tilstellingar fører med seg har innverknad på kunstkarriera.

– Det har balla litt på seg dei siste åra, og deltakinga i Fabriano in Acquarello er også eit resultat av det eg har gjort før. Eg er for tida også med i ein konkurranse for å få stille ut i Berlin. Der har eg kome til andre runde, så no er det ein runde igjen før valet om kven som får stille ut blir teke.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Akvarellen "Force" av Jytte Kristin Eikenes.