Klar for masterkonsert i Bergen Domkirke


– Klart eg har litt sommarfuglar i magen før noko slikt. Men det skal ein også ha. Det gjer ein berre meir skjerpa, seier Gerda Otterstein om masterkonserten ho skal ha i Bergen Domkirke i neste veke.

Otterstein, som til vanleg er kantor og organist i Høyanger, har nemleg brukt dei to siste åra på masterstudie i utøvande musikk ved NTNU i Trondheim. Konserten i Bergen måndag neste veke markerer avslutninga på det.

Temaet ho har valt er impresjonisme i orgelmusikk, og under den time lange konserten i domkyrkja vil ho spele orgelstykke av Tournemire, Fleury, DeLamarte, Rauschel og Vierne. Ho fortel at impresjonisme - som betyr inntrykk - er ei retning som oppstod innan kunsten på 1800-talet, og som braut med dåtidas strenge normer og reglar for korleis verkelegheita skulle bli avbilda. Med kunstnarar som Monet, Gaugin og Cezanne kom lysare fargar og kvardagslege motiv - gjerne sett frå uvanlege vinklar, og i ulike lysfasettar.

– Det spreidde seg raskt til litteraturen og musikken, seier Otterstein. Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!