Kjersti er medforfattar på TV-serien «22.juli»


– Arbeidet var prega av eit alvor som var nødvendig og uunngåelig, seier Kjersti Wøien Håland frå Høyanger om å vere medforfattar på den nye NRK-serien «22. juli».

Men ho måtte tenkje nøye gjennom det då ho vart spurt om å bidra.

– Eg hugsar ikkje nøyaktig kor lang tid det gjekk frå jobbintervjuet til eg byrja å jobbe, men eg hugsar at eg tenkte nøye gjennom det fordi 22.juli er vondt og traumatisk for veldig mange. Men eg vart sett godt inn i kva serien skulle handle om, og opplevde at den hadde ein viktig intensjon, og at det moralske kompasset var godt på plass hos dei som laga den, seier 31- åringen frå Høyanger til Ytre Sogn.

Kjersti Wøien Håland debuterte som forfatter med diktsamlinga «Kjersti er en fiktiv person» i 2013.Sidan har ho gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og to boksinglar.

TV-serien «22. juli», som hadde premiére på NRK på nyåret, handlar om menneska som vart kalt ut på jobb den dramatiske fredagen for snart ti år sidan.

– Det er ingen prosjekt som har likna - eller kjem til å gjere det - på dette med tanke på tematikken det tek opp. Alt som vart snakka om i skriverommet, eller vart skrive i manus, hadde denne større dimensjonen av å handle om eit nasjonalt traume. Vi samarbeidde bra, og eg likte godt dei eg jobba med, samtidig med at arbeidet var prega av eit alvor som var nødvendig og uunngåelig. 22.juli skulle aldri ha skjedd, og dermed skulle vi aldri ha sete der og snakka om det. Men når det likevel skjedde, kjennest det viktig ikkje å gløyme, men å ta samtalane om kva som skjedde med samfunnet den dagen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Kjersti Wøien Håland (biletet) frå Høyanger er ein av medforfattarane i den nye NRK-serien «22. juli», som hadde premiére på nyåret.