Kjempegøy med handballskule!


– Det er kjempegøy med handball, og vi gler oss til å lære meir av dei flinke Tertnes-spelarane, seier Solveig Matsen, Lea Gaupestad, Linnea Stølen og Ingeborg Skår Døskeland frå Gaular til Ytre Sogn.

Etter fjorårets vellukka arrangement var eliteserielaget Tertnes i helga igjen på plass i bygda, til ny samling med handballgruppa til IL Høyang. Og med vêrgudane på si side var det duka for ei flott helg i strålande vêr med aktivitetar og konkurransar.

Flinke handballspelarar
Ein av aktivitetane var handballskule for aldersbestemte, med Tertnes-spelarane som instruktørar. I pulja for dei i alderen 10 – 13 år var dei fire 11 år gamle jentene Solveig Matsen, Lea Gaupestad, Linnea Stølen og Ingeborg Skår Døskeland frå Gaular. Til Ytre Sogn fortel dei at dei alle har spela handball i om lag tre år, og at det er kjempegøy å halde på med.
– Kvifor kjem de til Høyanger for å vere med på handballskule?
– Vi har veldig lyst til å lære meir om handball, og har høyrt at spelarane på Tertnes er veldig flinke. Så vi gler oss og håpar at dei kan lære oss ulike ting, seier dei.

Skryt av opplegg
Det var ikkje berre dei unge deltakarar på handballskulen som gledde seg til handballsamling. Det gjorde også Tertnes-spelarane som etter eit velsmakande måltid i kantina på Høyanger vidaregåande var klar for nok ei aktivitetsfylt helg i Høyanger.
– Det var eit utruleg bra opplegg i fjor, så vi hadde veldig lyst til å kome tilbake. Det er også veldig kjekt å møte andre handballspelarar enn dei vi møter under kampane i Bergen, i tillegg til å kunne bidra andre plassar enn berre i heimekommunen, seier Mina Mjærum.

Tett oppfølging
Saman med dei andre spelerane var ho klar for å leie deltakarane på handballskulen gjennom treninga.
– Kva skal de lære dei?
– Dei skal få lære litt av kvart, blant anna fotarbeid som er ein viktig del i handball. Vi er ganske mange instruktørar, noko som gjer at deltakarane også kan få tett oppfølging undervegs i treninga. Så dette gler vi oss til, seier ho.
Dagen etter vart det klart for nye utfordringar som tikamp, øvingar i Tufteparken og trappeløp for dei profilerte spelarane. Trappeløpet vann for øvrig trenar Tore Johannessen med tida 12:30. Årets samling vart avslutta søndag med treningskamp i Høyangerhallen, der Tertnes møtte 1.divisjonslaget Førde. Det vart ein tempofylt og til tider jamn kamp, som enda 33 – 22 til Tertnes.