Kjem til Høyanger for å lære om forbetringsarbeid


Hydro-tilsette frå heile landet til Høyanger skal no til Høyanger for å lære om forbetringsarbeid. Denne veka var dei første 30 deltakarane frå alle dei fem norske verka på plass.

– Hydro sentralt har utnemnt Høyanger som referanseverk innan forbetringsarbeid, som inneber at vi no blir vertskap for kursing av Hydro-tilsette frå heile landet. Det vil seie at det no vert etablert eit eige konferansesenter i Høyanger, der vi kan tilby ulike kurspakkar. Og no er vi i gang med det første kurset, med representantar frå kvart av dei fem norske verka – Årdal, Sunndal, Karmøy, Husnes og Høyanger, samt frå Hydro sentralt. Det er folk i ulike stillingar, frå operatørar til elektrolysesjefar, seier fabrikksjef Stian Tangen til Ytre Sogn.

I løpet av tre dagar hadde dei grunnkurs i AMBS, eller Aluminium Metal Business System, som er namnet på forbetringssystemet deira.

Fabrikksjefen i Høyanger vedgår at det legg eit visst press på dei.

– Kvart verk har investert mykje for å komme hit og delta på kurset. Det legg jo eit press på oss når det gjeld å levere, påpeikar han.

Samstundes har verket i Høyanger bygd forbetringskultur og -system gjennom meir enn 100 år med aluminiumsproduksjon, noko som også er bakgrunnen for at Hydro har valt å leggje senteret til nettopp Høyanger. Arbeidet deira på området gav dei også den høgthengande prisen Årets norske Leanverksemd i 2018.

– Vi har også lange tradisjoner med å dele denne kunnskapen, både internt og eksternt, seier Tangen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!