Kjem langvegs frå for å bli tatovert hos Marianne (30)


- Eg er utruleg nøgd med arbeidet Marianne har gjort på meg. Ho er ein kunstnar med eit fantastisk utrykk, seier Yvonne Louise Skulstad (33) frå Bergen.

Då Marianne Ljungberg (30) flytta tatoveringsstudioet sitt til Balestrand, følgde ho like godt etter.

-Første gang eg tatoverte meg hos Marianne var for rundt åtte år sidan, då ho hadde studio i Bergen. Så då ho flytta til Balestand for å starte opp eige tatoveringsstudio der følgde eg etter som fast kunde. Turen frå Bergen til Balestrand er vel verdt det, seier den 33 år gamle spesialpedagogen til Ytre Sogn.



Tatoveringar har etter kvart blitt ein lidenskap for ho. Talet er no oppe i 15, fordelt rundt om på kroppen.



- Ryggen som vi held på med no er eit stort prosjekt, og eg er her for sjette gang, seier Skulstad.

Ryggtatoveringa til Yvonne (33) frå Bergen har mange detaljar, som gjer det til eit tidkrevjande prosjekt

Marianne Ljungberg, som opphavleg er frå Kyrkjebø, starta opp Ljungberg Tattoo i Balestrand i 2017, og fortel at det har gått over all forventing. No er ho fullbooka ut året, og har rundt 50 på venteliste.



Les meir i siste Ytre Sogn!