Ken-Åge satsar på Lavik


Ken-Åge Ørnehaug Utvær (32) vart første tomtekjøpar i det nye bustadfeltet Prestmarka i Lavik. No vert det eigen bustad med utsikt overt Sognefjorden for den unge mannen frå Ytre Sula.

– Eg har arbeidet mitt på ferja MF Stavanger som trafikkerer sambandet Lavik-Oppedal. Med ein turnus på 14 dagar på og 14 dagar av blir det ein del pendling. Eg bur hjå bror min på Askøy og i leilegheitene Norled har tilgjengeleg her i Lavik, men det skal bli fint å få sitt eige no, seier Ken-Åge Ørnehaug Utvær til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag