Karusellrenn og snøleik på Siplo


Over 50 ungar med følgje fann vegen til årets første karusellrenn i Høyanger søndag 1.mars

Vêr og føre spelte endeleg på lag og ein fekk arrangert årets første Karusellrenn på Siplo i Høyangerfjellet. I overkant av 100 personar, med stort og smått, hadde funne vegen til løypeområdet, som denne gong gjekk i området over parkeringsplassen.

- Det må vi seie oss godt nøgde med, seier Lars Jonas Pedersen frå arrangørane. Vêret hadde ikkje vore det beste i førekant, og ein hadde alt måtte utsetje rennet grunna sterk vind.

Barnas Turlag


I samband med karusellrennet organiserte også Barnas Turlag leir. Det førehandsannonserte bålet utgjekk på grunn av vinden, men kakao med marshmallows falt i smak hos små og store. Turlaget ser for seg å arrangere tilsvarande arrangement rundt dei andre karusellrenna.

- Vi satsar på å få tent bålet neste gong, seier Jeanette Friis, leiar i Barnas Turlag avdeling Kyrkjebø og Høyanger.
Neste karusellrenn er sett til laurdag 14. mars på Siplo. Vêr og føreforhold vil avgjere kvar løypa vil gå. Det er berre å følgje med på Facebook og i avisa!