Kåra til årets sykkeltalent


– Det var uventa å vinne, men stort, seier Sedrik Engebø Ullebø (18) etter å ha vunne kåringa årets sykkeltalent.


18-åringen frå Høyanger var ein av seks norske sykkeltalent, handplukka av ein jury frå Statoil - Morgendagens Helter og Norges Cykleforbund. Dei var presentert gjennom TV-innslag på TV2 under årets Tour de France.

Resultatet vart offentleggjort under sykkelrittet Arctic Race of Norway i Bodø i helga, som også baud på møte med tidlegare verdsmeister Thor Hushovd.

Les meir i papirutgåva tysdag!