Kåra til Årets eldsjeler


Johny Birkeland Transport AS i Gulen, May Brit Torsnes frå Nyrstar Høyanger og Arild Magne Fossøy frå Nettbuss si avdeling i Lærdal vart kåra til Årets eldsjeler under IA-dagen i Førde denne veka.

Eldsjelprisen går til personar og verksemder som gjer ein ekstra innsats for eit meir inkluderande arbeidsliv. Prisen vart delt ut av IA-rådet i Sogn og Fjordane ved Siv Jorunn Hjellbrekke (LO) og Line Træen (NHO).

Eldsjelprisen til verksemd gjekk til Johny Birkeland Transport frå Gulen. Denne verksemda tek sitt samfunnsansvar på alvor. I samarbeid med NAV Gulen og NAV Arbeidslivssenter inkluderer dei personar som står utanfor arbeidslivet. Dei strekk seg langt i å legge til rette for kvar einskild.

Den eine eldsjelprisen til person går til May Britt Torsnes, som er personalsjef for Nyrstar Høyanger. Torsnes vert skildra som ei ekte eldsjel som strekk seg lenger enn det ein kan forvente av ein personalsjef. Ho er målretta, innovativ og ambisiøs i arbeidet for inkludering av personar som står utanfor arbeidslivet.

Den andre eldsjelprisen går til Arild Magne Fossøy, som er dagleg leiar ved Esso-stasjonen, ein del av Nettbuss si avdeling i Lærdal. Fossøy har over fleire år gjort ein stor innsats spesielt for at ungdom skal få prøve seg i arbeid. I tillegg samarbeider Fossøy godt med NAV Lærdal, både om språkpraksis for flyktningar og oppfølging av sjukmelde.