Kapteinen tok ansvar


Kaptein for Høyang 2, Thomas Nyland Tonning, stod fram med pågangsmot og vinnarvilje då laget hans tok i mot Hyllestad denne veka.

Det vart ein tett og jamn kamp på kunstgraset. Kaptein Nyland ville så gjerne slå tilbake og hemne 11-3 tapet frå byrjinga av mai.
Toppskårar i 6. divisjon avd 2, Lasse Birkeland på Hyllestad 2, hadde før kampen mot Høyang 2 heile 14 fulltreffarar. Det var berre spelt tre minutt då godaste Birkeland storma inn i 16 meter feltet. Eirik Sjøthun Måren vart litt for sein med taklinga og Birkeland for i bakken. Domar Magne Vårdal frå Askvoll og Holmedal IL peika på straffemerket og toppskåraren tok straffa sjølv.

Men Høyang 2 hadde spelet og var det beste laget i første omgang. Presset mot Huw Alan Wilson i Hyllestad målet vart til slutt så stort at gjestane måtte ta i bruk ulovlege metodar for å stoppe ein opplagt Jacob Frøyen Bergset. Han vart felt innanfor og på ny peika Vårdal på straffemerket. Kaptein Nyland tok ansvar og klinka inn utlikninga før halvtimen var gått. Sondre Kristoffer Wisnes Gjeraker førte heimelaget opp i leiing seks minutt før pause.

I andre omgang låg det eit mål til gjestane i lufta, men det ville seg ikkje for laget som skåra 13 sist dei møttest. I staden var det Høyang 2 som skapte dei største sjansane med gode kontringar. Så tok kaptein Tonning ansvar igjen. Han klinka til på halv-volley frå langt hald og ballen suste i krysset, til stor jubel.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!