Kan stå utan parti på høgresida


– Eg tenkjer at det vil vere trasig om ein ikkje greier å ha med i alle fall eitt parti på høgresida ved kommunevalet i Høyanger i haust. Vi må ha alternativ til Ap og dei andre, seier Monica Sunde Tjønnås (H) til Ytre Sogn.

Talet på parti som stiller liste til kommunevalet i Høyanger i haust ser ut til å bli fire eller fem, avhengig av om Høgre kjem i mål med lista si. Det som allereie er klart er at verken Kristeleg Folkeparti, Venstre. Miljøpartiet Dei Grøne eller Kystpartiet – som alle stilte liste ved førre kommuneval – ikkje gjer det no, blant anna fordi dei ikkje har fått nokon til å stå på topp på listene.

– Det har også vore utfordringa vår. Folk kvir seg nok fordi dei tenkjer at det blir mykje arbeid, trur Monica Sunde Tjønnås, som har vore Høgre sin toppkandidat ved dei to siste kommunevala.

Ho hadde eigentleg bestemt seg for å gje seg no.

– Men etter at det viste seg å bli utfordrande å finne andre til å stå på den plassen sa eg ja. Men det var på eitt vilkår, nemleg at vi også fekk kandidatar frå Høyanger på lista. Det vert no jobba med for fullt. Vi ønskjer å vere eit parti for heile kommunen, seier Tjønnås.

– Korleis vurderer du sjansane til å kome i mål? – Akkurat no vil eg seie at dei er rundt 50-50. Vi har i alle fall nokre gode namn på blokka, så får vi sjå kva dei seier. Det skal jo ikkje meir enn eitt ja til så er vi der. Vi har uansett fram til 1. april på oss, seier Tjønnås. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!