Kan miste døgnambulanse


Lavik er blant stadene i fylket som no kan miste tilbodet om døgnambulanse.

I den nye prehospitale planen som Helse Førde no har lagt ut på høyring er døgnbilen i Lavik fjerna, og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger.

Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, seier at dei har lagt stor vekt på å involvere kommunane i arbeidet med å utforme ein heilskapeleg plan.

- Eg er svært oppteken av at kommunar og andre interessentar skal få høve til å stille spørsmål og kome med merknader til utkastet som blir sendt på høyring, seier han i ei pressemelding.

Det blir også vist til at sist tiåra har det vore ei stor utvikling innan dei prehospitale tenestene. Innan organisering, ressursbruk, fagleg profesjonalisering og utstyr har det vore store endringar. Meir og meir av diagnostikk og behandling blir flytta ut til der pasienten er, og ambulanse- eller redningshelikopter syter for rask reaksjon og transport inn til rett nivå i spesialisthelsetenesta.

- Ressursane i tenesta skal ha ein struktur og ei styring som samla sett gjev best mogeleg resultat med omsyn til responstider og opplevd tryggleik. Desse forholda skal vi balansere opp mot dei totale ressursane som er til rådvelde, seier Varden.