Kan få inntil 4500 kr til skuletur


Frå skuleåret 2017-2018 vil alle 10. klassingane i Høyanger kommune kunne få inntil 4500 kroner i støtte frå kommunen til skuletur. Det vedtok eit samrøystes kommunestyre i møtet torsdag.

Det inneber at det ikkje lenger skal vere lov å krevje betaling frå elevar eller føresette i samband med turane dei har siste året på ungdomsskulen. Det heile er ein del av nye, felles retningslinjer for skuleturar for 10.klassingane i kommunen. Til no har nemleg praksisen ved dei tre ungdomsskulane i Høyanger, Bjordal og Lavik vore ulik.

Les meir om denne og andre saker som var oppe på kommunestyremøtet i Ytre Sogn!