Kan bli utfordringar ved oksidlossing


Redusert produksjon ved Hydro Alunorte kan også by på utfordringar i Høyanger.

Som ein effekt av redusert produksjon ved Hydro sitt anlegg i Brasil, Alunorte, må Hydro sine smelteverk importere oksid frå andre kjelder. Dette gjeld også Hydro Høyanger, opplyser dei til Ytre Sogn.

–Nokre av desse leveransane har ein finere partikkelstorleik enn det som vi normalt mottek frå Alunorte. Dette kan under visse høve, som for eksempel sterk vind, by på utfordringar ved oksidlossing på Hydro sin kai i Høyanger med tanke på støving, opplyser Roy-Arve Ørnehaug, einingsleiar for HMS-Kvalitet ved verket i Høyanger, til Ytre Sogn .

Han seier at dei håpar og trur på ei snarleg løysing i Brasil slik at leveransane av oksid skal normalisere segatt, men førebels er det ikkje mogleg å seie noko om når dette vil skje.

– Hydro beklagar på det sterkaste dei ulemper og sjenansar dette kan medføre for naboane våre, og vi gjennomfører tiltak for å hindre uønska støving frå lossinga, seier Ørnehaug.