Kan bli avgift for handel på Bytorget


Frå neste år kan torghandlarar måtte betale 500 kroner i døgnet i avgift for å stå på Bytorget i Høyanger. Det tilrår i alle høve formannskapet.

– Vi har blant anna fått kritikk frå næringslivet i Høyanger, og då spesielt handelsnæringa, som betaler eigedomsskatt til kommunen. Samstundes kjem det andre hit for å selje varene sine på Bytorget, og tener store pengar på det, utan at dei må betale noko for det. Det er bakgrunnen for at det no blir føreslått å innføre ei avgift på 500 kroner per døgn for å stå på Bytorget, inkludert straum, forklarte rådmann Arve Varden på møtet i formannskapet.

– Samstundes blir lag og organisasjonar og enkeltpersonar som sel eigenproduserte varer fritekne for avgifta.

Rådmannen får imidlertid fullmakt til ved særskilde høve til å gje dispensasjon frå kravet om avgift.

– Vi ønskjer ikkje med dette å «drepe» torghandel og annan aktivitet på Bytorget, men ser at det er fornuftig å gjere det på denne måten. Difor set vi den heller ikkje til meir enn 500 kroner, sa Varden og viste til at det ikkje har vore gjort noko med retningslinjene for handel på torget sidan 2002.

Den gong vart det bestemt at dei som driv handel på Bytorget skal betale 100 kroner dersom dei treng straum.