Kan bli 12-18 nye bueiningar i Vadheim sentrum


Her - på Gamle skuleplassen i Vadheim - kan det etter kvart bli 12-18 nye bueiningar.

No går i alle fall Høyanger kommune ut og inviterer utbyggjarar til å kome med forslag til bustadkonsept for den 3,6 mål store tomta i Vadheim sentrum.

– Med pendlaravstand til både Førde, Høyanger og Leirvik, ser vi på Vadheim som ei av bygdene i kommunen med vekstpotensiale, seier ordførar Petter Sortland (Ap) og peikar på at det er heller ikkje meir enn ti minuttar til Sande, der ein seinare åra har hatt auka tilflytting som følgje av tilrettelegging av nye bustadområde.

– Vadheim har i tillegg beliggenheita ved fjorden, seier han.

Han viser også til at bygda har eit godt utbygd tenestetilbod.

– Og tomta på Gamle skuleplassen ligg sentralt, med kort avstand til barnehage, skule, idrettsanlegg, butikk og hotell. Vi - det vil seie kommunen , er dessutan i gang med å fornye området rundt, med opprusting av gater, tilkomst til fjord, opparbeiding av park og liknande, noko som vil gjere plasseringa til tomta endå meir attraktiv, seier Sortland.

Kommunen stiller imidlertid ei rekkje krav til utbyggjar. I reguleringsplanen er det lagt opp til konsentrert småhusbusetnad, det vil seie ei middels utnytting på 12-18 bueiningar, med eit samla bruttoareal på rundt 1500 kvadratmeter. I tillegg kjem 1,5 parkeringsplass per bueining, samt krav om at 150 kvadratmeter vert nytta til leikeplass.

– Men om det blir einebustadar i kjede, frittliggande tomannsbustadar i kjede, fleirmannsbustadar, rekkjehus eller anna er opp til utbyggjar å føreslå, seier Sortland.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!