Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Petter Sortland forsynte seg med eit solid kakestykke. - Der gjekk første tertial, spøkte Geir Helge Østerbø, som hadde med seg kaka.

Kakefest for laksemillionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 24. oktober 2018

– Der gjekk første tertial, spøkte Geir Helge Østerbø då ordførar Petter Sortland forsynte seg med eit stort kakestykke under tysdagens formannskapsmøte i Høyanger.

Østerbø, som til vanleg er samfunnskontakt hos Osland Havbruk hadde med seg kake med teksten «Havbruksfondet 15,2 mill», som han serverte til alle på møtet. Denne veke får nemleg kommunar og fylkeskommunar med oppdrettslokalitetar utbetalt tilsaman 2,8 milliardar kroner frå fondet, innbetalt frå havbruksnæringa som vederlag for nye lisensar.

Østerbø sa det var fantastisk å sjå dei store ringverknadane som næringa skaper.

– Eg er svært stolt over å jobbe i ei næring som skaper så store verdiar for lokalsamfunna langs kysten. Høyanger kommunen har fått 15,2 millionar kroner som dei no kan bruke til å sikre viktige velferdsoppgåver. Desse verdiane er det medarbeidarane våre som har skapt, så det skulle berre mangle at vi har ei lita feiring. Eg er trygg på at kommunen vil bruke laksemillionane på beste måte for innbyggjarane sine, sa han.

Osland Havbruk har 35 tilsette, og driv med aktivitetar innan oppdrett av laks og aure. Årsomsetnaden er på rundt 400 millionar kroner, og Osland Havbruk er såleis ei av dei største og viktigaste bedriftene i kommunen.

– Det er sentralt for oss å få vere med på å utvikle kommunen. I Osland Havbruk er vi ikkje berre arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Vi er også innbyggjarar som er like opptekne av som andre at kommunen skal ha gode tenester, sa Østerbø.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord