Jytte stiller ut på heimebane


– Det er noko spesielt med å stille ut på heimebane, litt skummelt men aller mest moro, seier Jytte Kristin Eikenes til Ytre Sogn.

Laurdag er det klart for utstilling med den lokale og sjølvlærte kunstnaren på Fjordgalleriet i Høyanger, der ho har med seg fargerike akvarellar av landlege husdyr.
– Eg likar å portrettere dyr, å fange det som er særeige ved dei ulike artane. Eg målar veldig mange ulike dyr, også fuglar. Til denne utstillinga vart det dyr frå landbruket, eit slag for distriktspolitikken og protest mot sentraliseringa, seier ho.

Les meir i Ytre Sogn fredag!