Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. september 2017
Ytre Sogn 22. september 2017

– Eg har jobba med bileta gjennom eit heilt år, og gler meg veldig til å stille dei ut på sommarutstillinga hos Oddveig Lyngstad, i Rivedal Galleri i Holmedal, seier Jytte Kristin Eikenes.

Hovudutstillar i Rivedal Galleri

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 22. juni 2017

49– åringen som er busett i Høyanger, men har sine røter både i Holmedal og København, skal vere houvdutstillar under sommarutstillinga i Rivedal Galleri, som varer frå 24.juni til 20. august.

Entusiasmen for måling starta for alvor i 2004, etter å ha gått fleire kurs hos ulike kunstnarar og lese utallige bøker om kunstfaget. Sidan den gong har ho stilt ut bileta sine både i Bergen, Høyanger, Naustdal og Holmedal.
– Eg likt har alltid likt å teikne og vere kreativ. Det er noko eg har gjort frå ganske ung alder. Det var først i vaksen alder at eg fekk interesse for måling, og etter ein del eksperimentering, kurs og lesing om faget har det det blitt min måte å utrykke meg på, seier ho.

Les meir om saka i papirutgåva fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord