Juleutstilling med lokale kunstnarar


Det var stort frammøte og god stemning på Gunnar S. Galleriet i Høyanger torsdag kveld. Lokale talent synte fram flott og variert kunst.

Smil, latter og surr av stemmer gav ein god indikator på at folk sette pris på utstillinga og å møte både kunstnarar og andre kunstinteresserte. 



Ei av dei som har hatt maling som ein kjær hobby i mange år er Dorthe Stølen frå Høyanger. I år stilte ho med to oljemaleri; «Løytnantsbrygga i Lærdal» og «Blomst» og to akvarellar «Solsikke» og «Solnedgang».

Siv Maren Hetle frå Kyrkjebø hadde fleire bilete med. To store maleri «Rød fantasi» og «Abstrakt hjerte» og fire tekstilbilde. Ho er ein produktiv kunstnar som nyttar ulike teknikkar. 


Ei anna frå Kyrkjebø som hadde reist frå Austlandet var Rita Reither. Ho stilte med fire bilete, både stilleben, akt og saueflokken frå Færøyane. At mor hennar, Randi Kirkebø, også var med på utstillinga gjorde det til eit familietreff på galleriet sine veggar.

Mellom glade kunstnarar fann vi eit imponert publikum. Karen Teigen Måren, Torill Haaland og Karen Torvund tykte at det var svært mange flotte bilete med ulike uttrykk. 


- Eg er imponert over kor høg kvalitet det er på bileta, sa Haaland. - Og så er det veldig sosialt å vere her.

Les meir om utstillinga i neste utgåve av Ytre Sogn!

Tre sprudlande damer på utstilling; Karen Teigen Måren, Torill Haaland og Karen Torvund