Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Torsdag kveld er det igjen klart for den årlege juleutstillinga til Høyanger kunstlag i Storgata 18 (bak). – Vi er opptekne av å ha stor breidde i utvalet, og det tykkjer eg at vi har fått til i år også, seier kunstlagsleiar Reidun Haugnes til Ytre Sogn.

Juleutstilling i Storgata 18

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. november 2017

– Vi prøver å ha med både nytt og gamalt på juleutstillinga vår, og i år er ikkje noko unntak, fortel Reidin Haugnes i Høyanger Kunstlag.

Torsdag kveld er det klart for opninga av det som har blitt ein årleg tradisjon i Høyanger, nemleg kunstlaget si juleutstilling. Og som vanleg er breidda i utstillarar stor.

– I år har vi med åtte utstillarar, og nokre bør vere godt kjende for dei som har vore innom tidlegare, seier Reidun Haugnes og nemner blant andre keramikar Lillian Vedvik, som er frå Høyanger, men no held til i Fredrikstad.
Ho har vore med på utstillinga fleire gonger tidlegare, seinast i fjor.

– Det er vel nesten forventa at dei populære alvefigurane hennar er med på det som er ei salsutstilling, og vi kan forsikre om at dei kjem i år også. Så er vi spente på kva anna ho har med seg. Ho lagar jo mykje anna flott i keramikk, blant anna store fat, seier Haugnes med eit smil.

Vedvik vil også ha med seg måleri, laga av ein annan kunstnar frå Høyanger, Astrid Storum. Begge er med i Bastion 5, som er eit kunst- og handverkssenter i Gamlebyen i Fredrikstad.

– Elles er også Kjell Arne Solli frå Bjordal tilbake med treskålene sine, som selde veldig bra i fjor.

Tova ull av Karin F. Svarstad.

Les meir i dagens Ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord