Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mars 2019
Ytre Sogn 25. mars 2019

Med litt hjelp frå Theresa som er tilsett i barnhagen pynta Vadim (f.v), Olai, Vegard, Ariell og Ole Johannes lussekattar i ulike former med rosiner.

Julestemning i Bjordal

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 20. desember 2018

Med julepynt, julemusikk og dufta av julebakst inne i barnehagen er nokre av dei yngste innbyggjarane i Bjordal godt i gang med førebuingane til årets julefeiring.  

Då Ytre Sogn kom på besøk var dei i full gang med å bake lussekatter pynta med rosiner som foreldra deira skulle få smake når dei kom på besøk seinare på dagen, I tillegg til julebakst av ulike slag, hadde dei også laga julepynt som dei hadde pynta opp med i barnehagen, samt julegåver til foreldre og besteforeldre. Borna fortalde at dei gler seg veldig til jul, spesielt til alle pakkene som dei håpar at nissen kjem med. For å telje ned dagane fram til jul har dei eigen julekalender som dei trekk kvar sin dag, og gåvene er ting som dei brukar i barnehagen. Dagens gåve som vart trekt av Ole Johannes på to år var ei øskje med heile 30 000 perler, til stor jubel frå den vesle gruppa som hadde pynta seg med raude nisseluer. Grunnen til det var at barnehagen var invitert ned i gymnastikksalen på skulen, og skulle få servert risgraut av bygdekvinnelaget i Bjordal, saman med elevane. Det er ein årelang tradisjon som både store og små set pris på.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord