Jørgen (10) fekk 10-årspremie


Jørgen Ringereiede (biletet) er 10 år, og har allereie delteke i fjelltrimmen til Lavik IL i like mange år!

Det fekk han sjølvsagt 10-årspremie for då Lavik IL inviterte til årsfest onsdag kveld.

– I byrjinga sat han rett nok i beremeis på ryggen til anten mor si, eller meg, på fjellturane. Men etter kvart gjekk han jo sjølv, seier far Tarjei Ringereide om sonen Jørgen.

Og han likar framleis å gå til dei ulike trimpostane i fjella rundt Lavik, og samle poeng. Som oftast blir det i helgane, når han har skulefri. Men om det passar går han gjerne midt i veka også.

– Eg tykkjer det er fint å gå rundt til trimpostane. Og så får eg av og til premiar også, fortel Jørgen Ringereide til Ytre Sogn.

– Det blir gjerne ein sjokolade når vi er framme, seier faren og smiler.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Sjå fleire bilete frå årsfesten under!